Reknes Byggjevarer er både tømrarbedrift og trelasthandel, og opererer i Gulen, Masfjorden, Alver og Bergen. Vi har sidan 1959 levert trelast og byggjevarer frå vårt lager i Masfjorden, og har gjennom alle desse åra bygd opp brei erfaring både som leverandør og som utførande handverksbedrift.
Som tømrarbedrift tek vi på oss det meste innan byggefaget – frå terrassar, påbygg og rehabilitering til komplette einebustadar og fleirmannsbustadar. Vi hjelper deg gjerne heile vegen, frå første idé og byggesøknad til nøkkelferdig bygg. Same om jobben er liten eller stor, får du eit fagmiljø med lang erfaring frå både privatmarknaden og større prosjekt for næring og det offentlege.
Vi har eit stort trelastlager i Selvåg, og leverer våre produkt til Nordhordland, Gulen, Høyanger, områder sør for Sognefjorden og Bergensområdet. På lageret finn du det meste innan trelast, byggjevarer og mur – kledning, vindauge og dører, isolasjon, platar, gjerdepålar og mykje anna. Det vi ikkje har liggande, skaffar vi raskt.
Vi har også avdelingskontor i Knarvik, slik at vi er tett på kundane våre same kor i regionen du held til.
Våre åpningstider : Mandag – Fredag 0730-1530 Lørdag 0900-1400
Tlf 56166060 | epost: firmapost@rbll.no
