Alt du treng til hus og hytte – i ein butikk

Skal du byggje, byggje om eller berre halde ved like? Hjå Reknes Byggjevarer finn du det aller meste du treng til prosjektet ditt, samla på éin stad. Vi har ein stor butikk i Masfjorden med både materialar og varer til hus og hytte, og vi leverer til Knarvik, resten av Nordhordland, Gulen, Høyanger og Bergensområdet.

Vi fører kledning, vindauge og dører, isolasjon, platar og trevirke, gjerdepålar, elektrisk verktøy og den ekte Møre Tyril-olja – i tillegg til alt du treng av spikar, skruar, beslag og anna smått og godt som skal til for at prosjektet blir ferdig. Det vi ikkje har på hylla i dag, skaffar vi raskt frå våre leverandørar.

Same om du er handverkar med fast avtale hos oss, eller skal byggje ny terrasse for første gong – vi hjelper deg med å finne rette produktet, gjev deg gode råd på vegen, og sørgjer for at du får det du treng til rett pris. Stikk innom butikken vår i Masfjorden, ring oss, eller ta turen til kontoret vårt i Knarvik.

 

 

Kraning og transport

Reknes Byggjevarer tilbyr kranbil og transport til kundar i Masfjorden, Gulen og Alver. Med lastebil med kran kan vi hjelpe deg både med frakt og kraning av materialar du har kjøpt hos oss, slik at tunge eller uhandterlege varer kjem trygt fram dit dei skal.

Vi tek også på oss reine kranoppdrag, uavhengig av om varene kjem frå oss eller ikkje. Held du til i Masfjorden, Gulen eller Alver og treng hjelp med kranbil, ta kontakt med oss eller kom innom kontora våre for eit pristilbud.

Vi lagerfører følgende produkt:

TRELAST

  • Impregnert trelast
  • limtre
  • kvit trelast
  • kryssfiner
  • panel/golvbord
  • lam. utforing / hobbyplank
  • listverk
  • sponplater/fiberplater/gips
  • portaler

BYGGJEVARER

  • spiker/skruer/netting/beslag
  • takstein/taksikring
  • glava/ styropor byggisolasjon (EPS)
  • stål/ alu.takplater
  • papp/shingel/plastfolie
  • takrenner
  • lim/fugemassar
  • vindu/dører
  • jernbjelkar

MUR

  • sementvarer
  • armering
  • grunnmur/pipe

Kontakt Oss

56 16 60 60 firmapost@rbll.no